UNDER STJERNONE


HILDEGUN RIISE kjem frå Strandebarm i Hardanger. Ho har arbeidd som skodespelar både med film, fjernsyn og på teaterscena. I fleire år har ho vore fast tilsett ved Det Norske Teatret, der mange kjenner henne frå Jon Fosse sine skodespel, så vel som frå kabaretar og musikalar. Ho har også spela inn filmar som bl.a. ”Min misunnelige frisør”, ”Detektor” og ”Himmelfall” samt TV seriar som ”Vestavind” og ”Sejer”, og vore redaktør for diktantologiar på Det Norske Samlaget.

PER JØRGENSEN er fødd i Bergen og slo først igjennom som gitarist og vokalist, men det er på trompet dei fleste kjenner han best. Han har mellom anna vore med i mange av Jon Balke sine grupper (som Magnetic North og Jøkleba) og spelar fast i ein nordisk trio med Marilyn Mazur og Anders Jormin.

EIVIND AARSET frå Kolbotn i Akershus er ein av dei mest nytta gitaristane på plateinnspelingar både i inn og utland. Han har i ei årrekkje vore fast gitarist med Nils Petter Molvær og i dei seinare åra oppnådd stor merksemd med sitt eige prosjekt ”Electronique Noire”.

EDVARD ASKELAND frå Lindås ved Bergen har vore aktiv som musikar først i Bergen seinare i Oslo som både el.bass- og kontrabassist. Han har spela i grupper som Cutting Edge og Søyr og vore mykje brukt som studiobassist innan dei fleste stilartar og sjangrar.

PAOLO VINACCIA er fødd og oppvaksen i Nord-Italia og har sidan 1980 markert seg som ein av dei mest kreative og særprega perkusjonistane her til lands. Han har mellom anna vore fast medlem i gruppene til Terje Rypdal, Arild Andersen og Bugge Wesseltoft. Han er elles aktiv også som produsent og ”lydguru”.


Pasted Graphic 1
Foto: Nicky Twang